Av Rune Skarstein, medlem i fagrådet til Rethinking Economics Norge. (Innlegget har tidligere stått på trykk i Klassekampen).
Karl Marx (1818-1883). Foto: Wikimedia Commons
Das Kapital 150 år
I september var det 150 år sidan første bindet av Das Kapital kom ut. Kva kan vi framleis lære av dette verket som står på UNESCOs liste over «Verdas dokumentarv»? Eg skal nemne nokre få av Marx’ banebrytande innsikter.
Eit viktig aspekt ved hans økonomiske teori er at ulike produksjonsmåtar skil seg frå kvarandre både når det gjeld eigedomsforhold og former for utbytting av arbeidskrafta. Den føydale produksjonsmåten var basert på utpressing av eit meirprodukt frå bøndene utan innebygde mekanismar for auke av deira arbeidsproduktivitet. Føydalherrane sine «investeringar» var uproduktive, erobringar av nytt land og fleire liveigne, borger, festningar, slott, kyrkjer og kloster. Arbeidssparande investeringar var i strid med den føydale produksjonsmåtens reproduksjonslogikk og etikk.
Enten leiglendingen betalte produkt- eller pengeavgift, visste han at avgifta var ein del av det han og huslyden hans hadde produsert. Meirproduktet var synleg. I den kapitalistiske produksjonsmåten er arbeidskrafta blitt ei vare med «marknadsbestemt» pris. Meirverdien (profitt og grunnrente) blir anonymisert i produksjonen og realisert på marknaden i form av pengar. Marx understreka at kapitalismen er den første produksjonsmåten i historia der det samfunnsmessige meirproduktet blir produsert i verdiform, som eit pengemål, og realisert på marknaden som profitt/meirverdi. Meirproduktet blir auka gjennom utbytting av lønnsarbeidarane ved arbeidssparande tekniske innovasjonar og investeringar.
Marx var den første som analyserte kapitalismens enorme dynamikk. Meir intuitivt enn analytisk gjorde han det alt i Det kommunistiske manifest (1848): «Gjennom den raske forbetringa av alle produksjonsinstrument, gjennom uendeleg lettare kommunikasjonar, riv borgarskapet også dei mest barbariske nasjonar inn i sivilisasjonen. Dei billege vareprisane er det tunge artilleriet som knusar alle kinesiske murar.»
Sjølv om dampmaskina representerte den mest avanserte teknologien på Marx si tid, formulerte han ein storslått teori om utviklinga av dei kapitalistiske produktivkreftene som til og med føregrip moderne automatisering: «I takt med at storindustrien utviklar seg, blir produksjonen av verkelig rikdom mindre avhengig av arbeidstida og kvantumet av anvendt arbeid enn av krafta til midla som blir sette i bevegelse i arbeidstida. Disse midla står på si side ikkje … i noko forhold til den direkte arbeidstida som produksjonen av rikdomen kostar, men er langt meir avhengige av det generelle nivået i vitskapen og det teknologiske framsteget, eller bruken av denne vitskapen i produksjonen. (…) Arbeidet kjem ikkje lenger til syne som innelukka i produksjonsprosessen, sidan mennesket langt meir stiller seg som vaktar og regulator av han.»
I Marx’ teori skaper kapitalismens dynamikk bølgjer av ekspansjon og kriser, og denne produksjonsmåten genererer stadig på nytt ein «industriell reservearmé». Også finanskriser og det som i dag blir kalla «finansialisering», var del av teorien hans: «Verdien har si mest handgripelege ytringsform i pengeforma. Sirkulasjonsforma P–P’ [pengar–meir pengar. R.S.], som har verkelege pengar som utgangs- og sluttpunkt, er derfor det mest konkrete uttrykket for det drivande motivet i den kapitalistiske produksjonen, nemlig jakta på pengar. Her fortoner produksjonsprosessen seg berre som eit uunngåeleg mellomledd, som eit naudsynt vonde, i pengejakta. Alle nasjonar med en kapitalistisk produksjonsmåte blir derfor i periodar gripne av ei hektisk verksemd for å tene pengar utan innblanding frå produksjonsprosessen.»
Marx kunne ikkje føresjå dei øydeleggande konsekvensane av fossile brennstoff. Likevel såg han langt meir enn hans samtidige: «Den kapitalistiske produksjonen øydelegg stoffskiftet mellom menneske og jord. Det vil seie at dei oppbrukte komponentane i jorda i form av næringsmiddel og klede ikkje blir førte tilbake, altså det evige naturvilkåret for vedvarande fruktbar jord. … Den kapitalistiske produksjonen utviklar berre teknikken og kombinasjonane i den samfunnsmessige produksjonsprosessen ved at han samtidig undergrev springkjeldene til all rikdom: jorda og arbeidaren.»
Om Manifestet skriv Hans Magnus Enzensberger: «Marx og Engels’ mektige setningar vil ryste og kaste lys også over det tjueførste hundreåret.» Det er all grunn til å spå det same om Das Kapital.